tirsdag 25. september 2012

Kvardagsunderhaldning

Mange av dykk sitt sikkert heime og tenker “kva gjer man eigentleg i Lusaka når man ikkje er i praksis og har fri?” Det skjønar eg godt. Vel, lat oss sjå litt nærmare på saken.

Det går mykje i det her:





Og middagskvilar. Før og etter middag. Og avslapping på verandaen.






Det er ikkje det at det ikkje er ting å finne på her nede, det er berre så himla varmt, at det og gjere noke før kl.16 er litt utenkeleg. Då ruslar vi ofte bort til dei næraste kjøpesentera, som ligg ein snaue 50 minutters gåtur unna. Det er den einaste mosjonen vi får her nede, bortsett frå all svettinga. Men ein skal ikkje undervurdere svetting og gåing. På kjøpesentera går vi litt til, et kanskje middag, et is (Milky Heaven har himmelsk is. Det er eit ordspel ikkje sant? Ikkje så dumt), handlar, og prutar taxiprisar tilbake til hostelet. Pruting er ein kunst, ein kunst eg enda ikkje har mestra. Eg kan ikkje kunsten å stå på krava heller, då eg er redd eg ser ut som ein gjerrig nordmann fordi eg har så mykje meir enn eg treng likevel. Ideologien kjem i veien for prutinga. Men taxituren på eit kvarter blir som regel pruta ned til 30 000 kwatcha, som er omtrent 35 NOK. Åjadda. Det her er taxi-heaven. 

Hostelet ser forøvrig slik ut frå utsida:


Vi bor i andre etasje, block 7, rommet vårt er det andre frå høgre. Det er den internasjonale blokka, og det sitt ein Østeriker på verandaen.


Vi våknar ofte i 6-tida av at dei andre studentane her startar dagen, enten på avdelingane, eller i kyrkja. Mange er nemleg svært religiøse. Dei ber for eksempel til Gud om at han skal gi dei styrke til å ta vare på pasientane sine medan dei er på jobb. Dei om det. Og fordi eg ikkje veit korleis man skal seie «HELLS NO» på ein høfleg måte, blei eg lurt med i ein av desse gudstenestane på laurdag. Klokka 08.30. Eg vil gjerne presisere at dette er ikkje plattformen for å diskutere religion, og det er heller ikkje formålet med å fortelje dette. Lat oss berre seie det slik at eg trur eg var heldig som ikkje gjekk opp i flammar i det eg gjekk inn i bygget.

Men opplevinga var grei den. Eg smørte på meg eit «ja-det-er-hyggeleg-dette-kor-lenge-varer-det-smil», og holdt ut i tre og ein halv time før eg gjekk heim. Dette var etter å ha vore vitne til det dårlegaste rollespelet eg nokonsinne har sett. Først og fremst fordi eg ikkje forsto kva dei sa. Visst kan dei snakke engelsk her, men mange snøvlar litt og har mildt sagt tjukk aksent, noko som ikkje hjelp når man allereie har sona litt ut og sitt og tenker på korleis eg på stillast og mest umerka vis skal snike meg ut. Eg fann fort ut at det ikkje gjeng. Altså, lat oss vere ærlege. Eg var det einaste beige mennesket der. Eg kunne like godt hatt på meg refleksvest og naudblink, og ein hatt med påskrifta «EG HØYRER IKKJE TIL HER». Dei hadde sett like mykje på meg om eg hadde slått hjul ut av salen og sunge Take On Me i falsett, som om eg hadde gått roleg ut døra. Det var forresten det eg gjorde. Det siste altså. På den andre sida hadde eg sikkert ikkje blitt invitert tilbake viss eg hadde slått hjul og sunge, så det hadde kanskje vore eit betre alternativ.

Vi legg oss også ganske tidleg. Det blir bekmørkt kl.19, og dagen føles veldig over når klokka bikkar 21. Då har vi vore våkne i 14 timar, og det er tross alt meir enn nok, så da er det beste berre å legge seg under lakenet, under myggnettingen, i varmen, å prøve og ikkje svette ut alle klede en eig, og vente på ein ny dag, medan ein ser ein serie eller to, les litt meir, og søv enda litt meir. Med mindre vi drikk øl.

Godnatt.

torsdag 20. september 2012

...like it's only you and me


Advarsel! Svært lite humorbasert!

Så har det snart gått to veker. Så langt har vi lært mykje om både afrikansk kultur, Zambisk kultur, trafikkultur og sjukehuskultur. Vi har også lært at man kjem seg gjennom det meste. For det har ikkje vore så lett og vere i praksis her nede. Ting forløpar på ein svært anneleis måte, da spesielt organiseringa og det praktiske arbeidet i avdelingane. Det har vore tøffe opplevingar i starten, med dødsfall, brannskader og vanskelege pasientskjebner. Tida på sjukehuset er ikkje noko eg kan skrive mykje om her på ikkje-bloggen pga tausheitsplikt og liknande. Lat meg berre seie at det er tunge opplevingar, samtidig som det også er mykje positivt. Mange av legane vi har med og gjere er svært kunnskapsrike og lærer oss så mykje dei kan, noko som er utruleg interessant. Så det er gode tider innimellom det som er litt vanskeligare. Og det er ikkje berre svartmala, dei gjer mykje bra her nede, og er like godt utdanna. Det er eit spørsmål om ressursar, ikkje kunnskapar. Heldigvis, kan man kanskje seie.

Elles har heimlengselen begynt å dabbe av litt, heldigvis. Det betyr ikkje at eg ikkje gleder meg masse til jul og til og sjå igjen dei bleike fjesa dokka, berre at det og vere her kjennes veldig greitt. Zambia er ganske kult, sånn eigentleg. Folk er kjekke og snille og søte og hjelpsomme, sjølv om det kanskje går litt treigt innimellom. Eg kan her og no bekrefte at African Time ikkje er ei myte.



Når eg er i Oslo tenker eg ikkje alltid over kor utruleg heldig eg er som har fantastiske venar og ein fantastisk familie så nært. Visst er det fleire mil frå Oslo til Sykkylven, Trondheim, Bergen, Stockholm og København, men så er ikkje det så langt likevel. Det er så lett å gløyme kor lett det eigentleg er å reise, treffe og snakke med dei man er så superduperkjempeglad i. No er dykk ein halv planet unna, og det følast, og er, veldigveldig langt.

Menneska her nede har utruleg sterke familieband, og har man ikkje familie har man heller ingen som tek vare på ein når ein er på sjukehuset. Pasientane som er aleine på sjukehuset er verkeleg aleine. Der er sjølvsagt mange slike skjebne i Noreg også, nokon har familie, andre ikkje. Men når det er besøkstid her nede og det står 12-15 stk rundt kvar seng, blir det så smertefullt klart kor aleine man er utan å ha nokon som tek seg bryet med å besøke deg. Pasientane her nede kjem frå heile Zambia, då dette er det største sjukehuset med det breiaste behandlingstilbodet, noko som betyr at familien ofte er langt unna. Mobiltelefon seier du? Folk er fattige. Mat først, så mobiltelefon. Det er under slike omstendigheiter at det slår meg kor heldig eg er som er født der eg er født, og kor tilfeldig det er. Klisje? Kanskje. Sant? Absolutt.
Det eg eigentleg prøver og seie, med litt mindre ord, er at eg er så utruleg, vanvittig glad i dykk, og for dykk. For sjølv om dykk er langt vekke akkurat no, så kjem eg jo heim igjen. Og då er det mogleg at eg kjem til og vere ein stor kjærleiksball ei lita stund. Eg skal roe meg ned etterkvart, eg lovar.

KLEMKJÆRLEIKSUSSKOS

søndag 16. september 2012

MundaWanga

Klarte dokke å gjette det? Å, dokke er så flinke. Ja, vi var i ein dyrepark! MundaWanga miljøpark. Det er eit rehabiliteringssenter for ville dyr, som til slutt skal sleppast ut igjen i naturen, der dei sjølvsagt høyrer heime. Der var alle mulig slags rare menneske og dyr, eg blei omtrent fire år i hovudet, og oppførte meg som den aller verste paparazzifotograf du kan tenke deg. Her kjem ei aldri så lita bileteoversikt.














Foringstid!












Det er kanskje ikkje naudsynt å seie at dette var ein av dei beste dagane i mitt liv.
LØVE! LØØØVVEEE!! Eg dævva.

Den Afrikanske Måten


Lat oss ta ein liten kikk på kva vi har lært så langt:

Det er nokenlunde ok å vaske både klede og uniformar sjølv. Det tek berre tre-fire timar, viss vatnet spelar på lag. Kjem til å komme heim med sjuk muskeldefinisjon viss det skal fortsette slik. Vi har også komt fram til at det er svært logisk kvifor ikkje alle sprang birken i dei gamle dagar. Kven treng birken når man har biotex, 3 kg klede, 35 kg vatn og i tillegg må bere desse store bøttene fram og tilbake fra badet til verandaen? Lat det vere sagt, eg kjem ikkje til å fortsette med denne sjuke vanen når eg kjem heim, men det er greit å kjenne at ein må leve livet litt. Afrika-livet, that is.




SJÅ DEG FOR. Vi har blitt nesten påkjørt fem gongar kvar. Her er absolutt ingenting som heiter forkjørsrett, fotgjengerfelt eller trafikksikkerheit. Eller, her er fotgjengerfelt. Det er meir korrekt å sei at ingen bryr seg om fotgjengerfelta. Vi måtte gå eit lite stykke inne i byen i går, og det var meir som
livs-rullett. Mellom råkjøring, bilpåkjørsel og folk som roper, skrik og tar etter deg, så svettar man lett ut ein dagsverdi med kjøpevatn. Og når vi endeleg kom fram til lokalbussen som skulle køyre oss dit vi skulle, så var den sjølvsagt stappa full. Dette har eg dessverre ikkje bilete av, men lat meg teikne eit mentalt bilete. Det er ein buss som er litt større enn ein gjennomsnitteleg russebuss. Der er 35 menneske, og ein mann, som nok en gang, losar folk inn, og hoppar inn og ut i fart.Det høyres kanskje fælt ut, men det blir, tru det eller ei, kjekkare for kvar gang. Folk ser rart på oss, spør kvar vi er fra og flirar når vi ikkje skjønnar kvar vi skal. Vi gjekk av på eit busstopp i nærleiken av dit vi skulle (ja, eg skal fortelle kvar vi skulle seinere), og då flira dei å sa "but dears, we drop you off der. No problem, no problem." Så kjørte vi 45m til, og blei satt av der. Det skal ikkje stå på serviceinnstillinga vertfall.

Mosongo betyr kviting. Folk ropar det etter oss HEILE tida. Ikkje alle, men spesielt når vi er inne i byen. Og det er eigentleg ganske underhaldande. Omvendt rasisme seier du? Nei, ikkje eigentleg. Hadde dokke visst kor utruleg sjeldne vi er her nede, så hadde dokke skjønt det. Det er mange europeerar her,
mange er født og oppvaksne i Zambia, men dei held seg stort sett på dei samme plassane, mao dei store kjøpesentera og parkane. I bykjerna er det sjelden å sjå andre europeerar, så da får man berre tåle å bli kalt kviting. Vi er jo kvite. Og det er viktig å seie at at det aldri blir sagt nedlatande. Dei er meir overraska enn noke anna. Omtrent som når vi ser ei ørn. Det er liksom ikkje så ofte, så da har man lov til å stoppe å seie "oj, sjå! Ørn!"

Afrika er varmt.


HEIA BLOGGEN!



Så, til kvar denne fantastiske bussturen til slutt førte oss. Klarer dykk å gjette det kanskje? Eg har ingen preimer å gi vekk, då eg ikkje er sponsa. Ære og økt sjølvfølelse er det einaste eg har å tilby.



torsdag 13. september 2012

Så langt, og vidare

Vi overlevde Schipol! Fjorten timar gjekk egentlig ganske fort når man fann seg ein skinnstol saman med 30 andre menneske som i litt varierande grad prøvde å sove. Det var først når vi var på vei til gaten, tolv timar seinere, at vi oppdaga noken andre, men mykje, MYKJE, bedre stolar. Så eg sparka meg sjølv i leggen, (då eg egentlig hadde gått forbi dei tidlegare men vore så trøtt at eg ikkje la merke til det) og så bar det videre. Etter tre og ein halv time søvn var vi klare til å sitte i ni og ein halv time på fly i retning Lusaka. Men det gjekk greit det og, ken skulle tru! Eg såg A knight's tale, åt flymat, sov, såg Friends with Kids, åt meir flymat, sov noken tima og stjal eit pledd. Schipol hadde ingen pledd i det heile teke, og eg hadde fått pleddangst.

I skrivande stund (veit ikkje når eg får lagt ut dette) har vi vore i Afrika i tre heile dagar. Så langt har det vore
meir utfordrande enn noke anna. Vatnet har sjuke humørsvingningar og kjem og gjeng som det vil, det samme gjer vilja toaletta har til å trekke ned. Å dusje er berre å gløyme. Har ikkje dusja sida søndag. Og her er varmt. Vi svettar. Så no luktar vi ikkje så godt. Men sidan ingen av oss gjer det så er det ingen som kjenner det lenger. Det vi derimot har er to store tønner med vatn som kan brukast til klutvask. Og noken runde spann som man kan skylle seg i. Å, kjære Noreg, kor godt du har det. For dette er normen her nede. På sjukehuset reagerer dei ikkje viss vatnet er av. Dei kan stå midt i ein vaskeprosess, skru på ei tom kran å seie "oh, de water is off". Og så er det liksom greit. Det er ein ukjent og litt rar verden å bli vant til, og det er på alle måtar ein tilvenningsprosess. Det har gått forbausande lett å venne seg til det her:


det her:


detta:


den her:



og til og med den her:




Det går liksom greit. Vi må jo berre. Men det å venne seg til å vere her nede generelt, å vere så langt heimafra og så langt fra alt som er kjent, det er, heilt ærlig, ganske tøft. Vi hadde vår første dag i praksis i dag, og sjølv om mykje er likt, så er det så hinsides mykje som er ulikt. Hygienestandard, kormangeinsektergreitstandard (fem 5cm lange bille på ein dag, inne på eit sjukehus er ugreit), pasientkontakt, oppfølging, pårørandekontakt. Og dette er etter ein dag. Det skal bli utruleg spennande å komme meir inn i systemet og oppdage korleis ting fungerar. Og sjølv om det er mykje som er anneleis og utfordrande er det også mykje som er veldig bra. Sjukehuset har for eksempel Zambias einaste kreftavdeling, som både er fungerande og effektiv. Dei har mange, mange studentar som alle er her for
alle dei rette grunnane. Det er interkulturelt og tverrfaglig samarbeid, og utdanningane her er mange og veldig gode.

Vi har, i tillegg til praksis og ikkje-dusjing, vore på shoppingsenter, tatt lokalbuss, fått tre telefonnummer til tre ulike taxisjåførar, gått oss vill på leiting etter overnevnte kjøpesenter og ete ein bedre hamburgermiddag. Igjen, på kjøpesenteret.
Lokalbussen var interessant. Dei stoppar overalt og trykker inn så mange som mogleg, og det er ein fyr som har som einaste oppgave å hoppe inn og ut, i fart, for å lose folk i retning bussen. Skilt som seier kvar dei skal? Nei. Den samme mannen ropar "Town! Town! TOWN!", og så er det opp til deg om du skal til town eller ikkje. Vi skulle til town. Ikkje snakk til føraren? Nei. Sitt på føraren. Det er igrunn betre.

Nei, ditta her blir spennande dokke. Eg saknar dokke alle samne allereie, og sjølv om eg håper og veit at tida her nede kjem til å bli fantastisk, så gledar eg meg veldig til å komme heim til ein stad med toalett og vaske i samme rom, vatn 24 timar i døgnet, og ein dusj med meir enn ein stråle. Og venar og familie sjølvsagt.
(Mest dusjen.)


KNUSEKOS

fredag 7. september 2012

Schipol, Amsterdam. Vi ventar.

Så satt vi her da. Å venta. Berre tolv og ein halv time igjen no. I natt er planen å:
- runde facebook
- runde instagram
- lese ut minst ei bok
- finne det beste offentlege toalettet med minst mulig urin på sete og vegg
- drikke uanstendig mykje cola (Må. Ver. Våken.)
- ikkje bli frastjelt alt eg eig
- ikkje skrive blogginnlegg når eg er overtrøtt (halla bloggeeeen)
- prøve å ikkje døy

Flyturen ned hit gjekk fint, ein og ein halv time kun avbrutt av korte panikkanfall og tankar som "Herregud kva har eg gjort?!" og "for ei lite gjennomtenkt avgjersle!"

Sannheita er jo sjølvsagt at det er svært gjennomtenkt, svært planlagt og at det tross alt har vore målet gjennom heile utdanninga. Men akkurat no er det uroa over kva som ventar som styrer tankane. Men, så ho sei ho mor, ingenting varer evig, heller ikkje panikken. No skrur eg av før eg blir for sentimental. Ja, eg grein når eg sa hadet til mamma. Eg skjemst ikkje!

fyttikatta

Åkei. Så har eg starta blogg. Gudveremedossalle. No sitt eg på rommet mitt, som er heilt tomt, bortsett frå masse koffertar, masse angst og masse reiseglede. Om nøyaktig 6 timar reiser eg til Gardermoen. Om 8 timar sitt eg på eit fly til Amsterdam. Så skal vi vere i Amsterdam i 14 (FJORTEN!!) timar. Og klokka 12.30 laurdag 8.september skal eg sitte i ni og ein halv time i eit fly, og landar i Lusaka, Zambia kl.22.05 laurdag kveld. Og der skal eg altså vere til 11.desember, for dei som ikkje har fått med seg det. ÆÆÆÆÆÆÆ. Men eg gledar meg! Massemassemasse!

Den bloggen her blir min måte å oppdatere familie og venar på, og viss du tilfeldigvis har ramla innom og synes den suger, så RAML UT IGJEN! Eg vil ikkje høyre kva du meiner.

Åt skogen, eg reiser snart. Eg kjem til å sakne alle dei fine norske fjesa dokka, men der er heldigvis mange fine fjes i Afrika også!

Oss bloggast!
xoxo (Neida. Kødda.)