onsdag 31. oktober 2012

Cape Mclear - det som kom etterpå

Fint sant? Rett og slett vakkert. Så vi gleda oss og diskuterte alt det morosamme og spennande vi skulle gjere dei kommande dagane. Og her skulle eg egentleg ha skreve om dykking, bading, soling, snorkling, hesteridning og berre generell glede og avslapping. I staden kan dykk, om dykk ønsker det, få ei detaljert beskriving av badet, toalettet og senga mi på Gecko Lounge. Eg var sikker på at eg hadde fått blindtarmbetennelse/colera/malaria og/eller pest. På eit tidspunkt var eg nemlig sikker på at eg skulle døy, melodramatisk som eg er. Det var sjølvsagt mindre dramatisk enn som så. Eg hadde fått mageinfeksjon, med alt det inneber av herligheiter, symptom og bieffektar. Så dei fire dagane som skulle vere så fantastiske, blei fem dagar med «fingkjdfngldkfjgidl!!», grining, telefonar heim og små turar ut i omverden for å skaffe vatn, cola eller ris. Eg kvikna litt til den siste dagen, rett og slett på trass. For det å ligge inne i varmen, å svette både på grunn av feber og dårleg ventilerte dormrooms, er ikkje hyggeleg. Det er verkeleg ikkje kjekt å vere sjuk når ein er så langt heimaifrå, på ein så øde plass som Cape Mclear. Der er folk og turistar, men ikkje sjukehus og knapt medisink personell. Men vi traff ein svært hyggeleg sjukepleiar som heldigvis kunne utstyre meg med kvalmestillande og rehydreringsvæske. Det byrja å sjå betre ut, og eg kom meg ut og fekk til og med tatt nokon bilete. Så her er dei, frå første og siste dag på Cape Mclear. 

Barna leika med laushundane og mødrene vaska klede og kasserolle, i vannkanten.






På strendene utafor hotellområdet var det som regel fullt med lokale som vaska klede, bada, fiska (i dei heimelagde båtane av tre som han eine karen sitt på), og la garna sine til tørk. Og alle kleda.


Den lokale puben hadde morosamme skilt!


Souvenir-shopping!


Borna hadde dane/musikk/synge-oppvisning


Solnedgang frå hengekøya



Hengekøymorro



Den dagen vi skulle reise veit eg ikkje om eg var uvel i magen på grunn av sjukdommen, eller fordi eg grua meg så voldsomt til turen tilbake, som eg forutsåg kom til å ta fire dagar. MEN. Vi kom oss til Lilongwe med ein taxi som hadde bensin, fungerande eksosanlegg OG alle fire dekka på plass. Og meir enn det kan ein vel ikkje krevje. Og det tok berre 3 og ein halv time! Men. I Lilongwe fann vi ut at bussen tilbake til Lusaka gjekk på tysdag. Det var søndag. Så, da blei det to netter til på Mufasa Lodge da. Misforstå meg rett, det er ein veldig fin plass. Problemet er berre at når ein er sjuk så er ingen plass anna enn heime i sofaen til ho mor bra nok. Men vi hadde ikkje noke anna val, med mindre vi ville gå. Så eg las litt, gjekk på apoteket, åt litt og traff andre kjekke backpacker-folk. Blant anna ein brite som fortalte ei særs underhaldande historie om korleis han braut hofta mens han sprang halvmaraton. I ein alder av 22. Eg skal fortelje i meir detalj når eg kjem heim. 

Så det var fint, og forma vart betre. Men den var ikkje bra. Det kan også ha vore det at eg, nok ein gang, grudde meg til bussturen tilbake til Zambia. Og det med rette. Så når vi sto opp klokka 4 for å rekke bussen som skulle gå klokka 6 (og den gjorde faktisk det!) var forventningane så lave at absolutt alt var ei positiv overrasking. Eg tok den anbfelate dagsmengda av idoform og kvalmestillande og forberedde meg mentalt på 18 timars helvette. Men til vår store overrasking, tok det berre 14. I 35 grade, i ein buss utan aircondition, med eit skrikande anlegg som spelte alt frå gospel, til Cher, til Vengaboys. Dei presterte faktisk å spele to heile McMusic-album. Det var som å vere tilbake på diskoteket på Vik. Mens ein er kvalm og har mageknip, med folk som sitt oppå deg, lener seg ut av ditt vindu (sjølv om dei sitt BAK deg), og ikkje har noko respekt for intimsone eller personleg eigedom. Men vi kom fram, nok ein gang, utan å døy. Så eg kjøpte ei bøtte Cola, tok ein dusj, fekk personleg oppvarting og medisinutdeling av legestudentane vi bor saman med, og sovna.

Eg lid no av posttraumatisk buss-stress, og blir kvalm og uvel berre av tanken på å ta buss nokonsomhelstplass. Så det kan bli spanande når eg kjem tilbake til Oslo.


Eit par kvalme, låke dagar etter vi kom heim fekk eg også tak i medisin for magesjuka, og kan no, to og ei halv veke etterpå, erklære meg sjølv heilt frisk. Ein har ikkje levd før ein er sjuk i Afrika. Det er ikkje ei oppleving eg anbefalar til noken, sånn igrunn. Det viste seg at alle vi budde saman med også hadde vore sjuke, så det var vel noko i vatnet, som dei seier. Og eg har aldri vore så glad for å komme heim til ein kjent, trygg plass som eg var den dagen.

Det er ingen plass som heime (eller-så-heime-som-det-blir-i-Afrika) <3

lørdag 27. oktober 2012

Reisa til


Så kjem vi til kvifor bloggen var stille som grava i to veker. Vi reiste til Malawi, på «ferie». Det er den minst feriette ferien eg nokonsinne har vore på. Lat oss ta det från byrjan.

Det å ordne seg visum her nede er ikkje nevneverdig lett. Vi skal ha turistvisum men hadde fått business frå ambassaden i Stockholm, og å gjere det om er ikkje gjort i ei handvending. For å gjere ei lang historie kort, vi måtte ut av landet. Visumet gjekk ut 7.okt, vi fann ut at vi måtte reise ut 5.okt, og det blei sjølvsagt både spetakkel og stress. Men vi kom oss vertfall til Malawi. Men ikkje før vi hadde blitt fotfulgt av 5, for så vidt hyggelege, karar på busstasjonen som insisterte på å vise oss kvar alt av noko som helst betydning befann seg. Det her får dei provisjon for, ergo, biletten vår blei dyrare. Så takk skal du ha, mann-som-burde-ha-dusja-oftare.

(Ei lita sidehistorie. På KLM tek dei imot deg når du gjeng inn i flyet, ser på biletten din og seier: «28A? Straight down there!» Takk skal du ha, o vise flyvert, som om det e mulig å gå seg vill inne på eit fly. Heile flyet e jo straight down there! Ærlig talt)

Uansett! I forrgie innlegg skreiv eg om to relativt irriterande bussturar, og beskreiv det som ganske ille. Vel, så feil kan ein altså ta. Hadde eg berre visst kor bra eg hadde det med litt jesus-musikk og smattande naboar. Bussturen til Lilongwe (hovudstaden i Malawi) skal ta 10 timar. Den tok 18. Dette mykje på grunn av at bussen braut saman to gongar, begge gongane MIDT ute i øydemarka. Det heile hadde eit slags Byggmester Bob preg over seg, altså trua på at så lenge man TRUR man kan fikse det, så kan man det. Men det kan man tydlegvis ikkje, beviselig då bussen braut saman for andre gang. Då var det allereie blitt bekmørkt, noko som gjorde at vi hadde glimrande mogligheit til å sitte og sjå ut på himmelen. Der var ikkje gatelykter eller hus, og det er lenge sidan eg har sett noko så.. spektakulært. Det er innimellom vanskeleg å tru at det er same himmelen, same månen og same stjernene som vi har heime. Så der var noko fint midt oppi alt kaoset. Vi brukte i tillegg omtrent 2 timar på grensa, og ytterlegere ein og ein halv med å vente på at bussen skulle fylle seg opp. Den skulle gå 05.00, men gjekk 06.30. Då var den full nok. Og menneska trykker seg på, bøyer seg over deg, ropar og skrik og oppfører seg som galningar. Afrikansk busskultur altså. Då kjente eg at eg sakna Noreg med si ikkje-snakk-til-meg haldning, og ver-så-vennleg-å-sett-deg-så-langt-frå-meg-som-du-kan. Eg er ikkje vant til all denne intimiteten på buss!

Men så kom vi oss til Lilongwe til slutt, der vi budde på Mufasa Logde ei natt. Der traff vi Chicko, som tilbudte seg å køyre oss frå Lilongwe til Cape Mclear. Han var taxisjåfør altså, og ikkje berre så uvanleg snill. Han er ein liten rastafari-afrikaner med ein uvanleg smittande latter, og eit uvanleg godt humør. Så når vi sto opp dagen etter var vi så glade og positivt innstilit til turen som berre skulle ta 4 timar at vi var klar til å skru saman bilen først om vi så måtte. Men slapp av, vi blei fort nok skuffa. Ein av dei første tinga han sa når han satte seg inn var: «we must first fill petrol». Ok, ingen problem, 20 min ekstra. Null stress! Men det er litt stress når heile Malawi er tom for bensin. Greitt nok at eg kanskje overdriv litt her inne for komisk effekt, men det her er heiltheiltheilt sant. Der var ikkje igjen bensin nokonsomhelstplass. Så da vart det svartemarknaden da. Men det er dyrt skal vite, så vi tilbrakte heile turen med å kike nervøst på bensinmålaren og krysse alle lemmar og håpe at bilen ikkje skulle stoppe. Og eksosanlegget var øydelagt, så han kunne ikkje køyre fortare enn 70 km/t, då det fekk bilen til å lage triste lydar. Og då han skulle gå ut for å sjekke dette såkalla eksosanlegget etter nokon upassande triste lydar, nok ein gang midt ute i øydemarka, hadde sjølvsagt dekket punktert. Så da vart det ein og ein halv time i næraste landsby (som heldigvis var nære), der vi var meir som utstillingsobjekt. Eg er så glad for at eg ikkje er kjendis, eg blei nesten gal av all stirringa. Men ungane var ubeskrivelig søte, og supernysgjerrige. Dei spegla seg i bilvindauga og holdt på å flire seg i hel av sine eigne grimaser. Og det var mannfolka som skulle fikse dekket. Merk det, dekket. I eintall. Men dei var omtrent 25 stk. Samarbeid er viktig. Men vi kom oss derifrå tilslutt (etter ein og ein halv time), til Monkey Bay, der vi måtte tilbringe enda ei natt på ein annan Mufasa Logde. Chicko skulle bruke kvelden og morgonen på å prøve å fikse eksosanlegget, dekket OG prøve å skaffe bensin. Vi var ikkje positivt innstilt lenger. Vi hadde brukt 8 timar på ein tur som skulle ta 4, og vi var ikkje eingong framme.

SÅ. Dagen etterpå. Dag 2 (føltes som dag 15) på reisefot. Når Chicko dukka opp og sa at han hadde fiksa alt, både eksosen, dekket og bensinen blei eg så glad at eg trudde eg skulle tisse på meg. Inn i bilen igjen, 1 time på humpetitten-humpetatten-veien, og endeleg, ENDELEG. Cape Mclear!





Fortsettelse følger….

lørdag 20. oktober 2012

Livingstone

No har eg vore lenge vekke. Men eg kjem strekt tilbake med heile to innlegg i dag! Så slæpp off, der kjem etterkvart ei forklaring på mitt fravær. Men først, Livingstone:


For nokon veker sidan kjente vi at det var på tide med ein liten tur ut av Lusaka, og då er det får plassar som kan konkurrere med Livingstone. Ikkje berre hadde dei varmt vatn i dusjen OG i vasken (HERREGUD LUKSUS), men dei hadde i tillegg symjebasseng, ein liten hund, to små kattar, aircondition OG Victoria Falls. Lat oss oppklara. Heile Livingstone har ikkje symjebasseng, to kattar, ein hund, varmt vatn og aircondition. Men Jollyboys backpackers har det!



Det var, FANTASTISK. Når vi ikkje rusla rundt attme Victoria Falls, åt ute, spionerte på bavianar og bonobo-apar, eller hoppa i strekk, så plaska vi litt i bassenget, spelte billjard eller låg og halvsøv i ein av dei mange chilloutloungane.


Hadde det berre vore slik heile tida.

Nei, det meinar eg eigentleg ikkje. Halve gleda ved å feriere er jo at det ikkje er slik kvar dag. Så når vi kom heim til vassklosett utan vatn, bøttedusjar og skranglette, knirkande dører så var det eigentleg litt fint. Det er heime. Tenk på det, at det faktisk har blitt heime. Det skulle ein ikkje tru.
Det var likevel ikkje berre velstand. Visst var Livingstone fantastisk, men bussturane til og frå var ikkje likeså. Den første halvtimen på vei til var fyllt med Jesus-tilbeding av ein svettande, spyttande (ja, han spytta på meg), SKRIKANDE mann som meinte at så lenge man har Gud og Jesus i hjartet så «is it possible to get everything, EVERYTHING, you desire». Til og med ein bil og eit hus. Og ikkje før han var ferdig med opptrinnet sitt, så byrja musikken. Der og da var eg så glad for at eg hadde desiera meg ein iPhone i bursdagsgave og kunne døyve ut «musikken». Ein skal ikkje kimse av Zambisk muiskk, her er mykje bra. Men det der, det var ikkje bra. Vi klarte heldigvis å behalde vetet, så vidt.
                                   Turen tilbake derimot. Heilage kjeksfyll, det er noko av det verste eg har vore med på. Eg trur det må opplevast, men eg prøver å beskrive. For det er ikkje nok med at dei har på denne lyden i bakgrunnen, men det er så INNMARI høgt. Og på denne bussturen viste dei en dårlig zambisk parodi av Homer Simpson, spelt av ekte menneske, med skodespelarar som var så uengasjerte og hjelpeslause og dårlege atte hjælp. Serien vart avbrutt av The Holy Christ Choir, Retrograde (gud så dårlig sci-fi), og brølande Zambiske fotballag som hadde vunne eit pittelite trofe og måtte snakke om det heile veien heim. Så, når eg etter tre timar gjekk tom for batteri, var eg klar til å kaste meg ut av takluka og avslutte heile opplegget. Så kom eg på at eg syt uhemma mykje, og at det tross alt berre er irriterande, ikkje døydeleg. Så eg tvangssov og lot vere å drepe nokon. Det er framskritt.

Ei lita bileteoversikt:



Victoria Falls!


Her hadde vi ikkje lov til å gå, så vi blei hanka inn av to store vakta med enda større gevær.

Bungee-bru




Der e to, viss ein ser nøye etter

Grensa til Zimbabwe va full av baviana




Chipolopolo!


SÅ. Til den store begivenheita. Kjære mamma og mormor, lat meg påpeike at eg overlevde. Og eg har sagt at eg ikkje skal gjere det igjen (eghåpardykkikkjelesdetherforegvilgjeredetigjen). EG HAR HOPPA I STREKK. På den tredje høgaste staden i verda, om eg så udmjukt får legge til det. 110m dokke! Ja, eg var nervøs både før, under og etter, men det var så verdt det. Beste avgjerelsen eg nokonsinne har tatt. Skal vi sjå litt på bileta? Ja, vi gjer det da dokke.











PS: Eg beklagar all caps-locken. Men caps-lock er jo cruise-control for ccol.