mandag 10. desember 2012

I may have to leave now, but I will love you forever


Så var vi komne til slutten. Slutten på eit fantastisk lite eventyr på kontinentet eg alltid har drømt/snakka/masa om å besøke. Og no har eg budd her i tre månadar. Det er veldig rart, veldig fint, veldig utruleg og veldig fantastisk. Når eg sitt her og prøver å finne orda som kan oppsummere opphaldet så blir det liksom ikkje.…bra nok. For kva skal eg seie? Det har vore sjukt bra? Det har jo det, men det verkar så tafatt. Vi har sett og opplevd så mykje, meir enn eg kunne ha drømt om eller sett føre meg. Og det å skulle sette ord på det er vanskeleg, både fordi ord blir fattige og fordi eg ikkje veit kvar eg skal byrje. For mellom sjukehuset, reisene, bussturane, sjukdommen, opplevingane, vennskapa og kvardagslivet er det ikkje plass til så mykje meir, og eg trur eg har fortalt dykk om det meste. Resten får dykk vite når eg kjem heim til jul. Og jada, eg har sjølvsagt spart dei beste historiene til slutt.

Og sjølv om dette har vore ei oppleving eg aldri ville ha vore foruten, så kan eg nesten ikkje vente til eg sitt på det flyet i natt, på vei heim, på vei til Noreg, på vei til Oslo, på vei til kulde, til mamma, til mormor og morfar, til alle dykk, til snøv, til julestemning, til senga mi, til innlagt varmevatn, til jakke, hue og skjerf og til juleferie. Det skal bli så FINT! Og sjølv om heimlengselen akkurat no overskygga det eg kjem til å sakne, så veit eg at eg kjem til å sakne alt saman. Dei fantastiske folka og dei nye vennane våra, stemninga, varmen, opplevingane, den kontinuerlige lyden av grashoppe, følelsen av å vere her, dei blå bussane, dusjen utan vatn, Mozongo Palace, Pernille, Stian og Joachim og absolutt alt det andre. Så sidan det ikkje går ann å seie takk til eit heilt land personleg får eg seie det her. TUSENTUSEN TAKK. I may have to leave now, but I will love you forever.



Nokon av dykk lurer kanskje på om eg har forandra meg noko særleg. Det har ikkje akkurat vore noka sjelesøkande reise, og det har heller ikkje vore poenget. Men det å opphalde seg i utlandet, i ein så annerleis kultur med eit så annerleis folkeslag i ein lang periode gjer noko med ein. Altså, eg skal ikkje påstå at eg har fått eit nytt syn på livet og plutseleg sluttar å vere meg. Eg kjem nok fortsatt til å syte over trivielle, ubetydelege ting, til å klage over ting som på ingen måte treng og klagast over, og til og fortsatt vere pittelittegranne negativ til verden. Men ikkje fullt så ofte. For herregud så godt dykk har det. Eg veit alle er klar over det, på eit eller anna nivå, men kor mange av dykk reflekterer faktisk over det ofte nok? Ikkje at eg skal bli nokon profet i sette-pris-på-livet-brigaden, men ærlig talt. Lat oss samanlikne nokon fakta:

  • -     Sjukepleierane her nede tjener 3500 kr i måneden, og jobbar lengre skift. Dei har ikkje noko sjukepleierforbund, dei er ofte berre to eller tre på ei avdeling med 50 pasientar, og dei har absolutt alt ansvaret om nettene. Legar kan du sjå langt etter, dei søv.
  • -      Dei fleste menneska vi ser og møter på lever under fattigdomsgrensa. Det vi tek som ei sjølvfølge, er ting dei berre kan drømme om. Så neste gang du klagar fordi du må ta oppvasken i ei varm leilighet med straum, innlagt vatn og ei god varm seng, så berre ta den forbanna oppvasken.
  • -      Pasientrettigheter er eit fint ord som blir løfta opp i utdanningssamanheng, men som sjeldan blir fulgt opp elles. Med mindre ein er høgt utdanna (ferdig med vidaregåande) og har litt kunnskap om helse og eigne rettar kan ein rekne med å bli fullstendig overkjørt av legar, sjukepleierar og studentar. Det dei får av informasjon er lite og sparsomt, og etter det vi har observert er det heller ikkje spesielt konkret. «Yes, the medicine you are getting is helping you» er ikkje informativt. Og det å snakke over hovudet på pasientar og pårørande er heilt normalt, uansett alder. Som nevnt tidlegare, det skal ikkje svartmalast, og det gjeld ikkje alle, men det er dessverre eit normalfenomen. Så når du sitt på legekontoret og kritiserer legen i hytt og pine fordi du har lest om sjukdommen din på lommelegen.no og derfor «kan meir enn han/ho», så skal du vere himla glad for at du i det heile tatt har mogligheita til å undersøke og samtidig kan vere kritisk konstruktiv til ein lege-autoritet. Det er ikkje ei sjølvfølge.
  • -     Er du ein av dei som klagar fordi du må vente i 45 min på legekontoret i Sykkylven, og herregud, du har da betre ting å gjere på, og ærlig talt, skjønner ikkje dei kor viktig det er at du får komme til legen NO? Det kan du slutte med med ein gong. Prøv to dagar før du i det heile tatt kjem til ein landsby som har lege. Du er heldig som ikkje dør i køa, det skjer ofte her, fordi dei er så sjuke at dei ikkje klarar å halde ut lenger. Og da meiner eg ikkje sjukehsukøa, eg meinar køa frå benken inn til legen. Og om du er så sjuk at du faktisk må til legen MED EIN EINASTE GANG, så orkar du ikkje å sitte og klage i ein blå stol utafor døra likevel. Så smør deg med tålmodigheit, ta med ei bok og sett pris på at du i det heile tatt har ein fastlege.

Eg seier ikkje at berre fordi vi har det betre så skal vi slutte å kritisere og søke forbetring i vårt eige land og vårt eige samfunn. Eg seier berre at det ikkje er så utruleg ille som folk skal ha det til alltid. Jada, veiane er litt smale og dei burde vore betre, bensinen er dyr, alkoholen er dyrare (og dei som klagar over det kan da vel alltids flytte til eit anna land om det er så utruleg viktig), sjukehuskøene er for lange, og sjukeheimane er for dårlege. Og det burde og skal bli betre. Men sjå deg rundt av og til, sjå kor bra du har det, og klag ein annan gang i staden.


Eg burde ha skreve meir, men eg får det ikkje til. For mykje har skjedd, og det å sette ord på det på ein blogg verkar igrunn ikkje så utruleg viktig akkurat no. Men dykk skal vite at tanken på å forlate alt saman gir meg klump i halsen og låkt i hjartet, og det er eit godt teikn.

Så. Det er med eit litt større, litt vemodig hjarte, tusen nye opplevingar, masse kjærleik, masse ny kunnskap og masse takknemlegheit at eg forlet dette landet. Zambia, det har vore fantastisk.




........Og snipp, snapp, snute, så var eventyret ute.



1 kommentar: