søndag 25. november 2012

Safari i South Luangwa

Her skulle eg egentleg ha skreve litt meir om korleis det var å vere på safari, litt om den utruleg lange bussturen på vei dit, og om den skumle taxituren på dirtroads inn i nasjonalparken. Og om dei plagsomme insekta, den søte eigaren, at eg datt ut av safaribilen og kva alle dyra i Afrika hadde føre seg. Men eg gidd ikkje, for eg er på Zanzibar, og eg skal gjere andre kjekkare ting. Så dykk får bileta i staden. Dei av dykk som er så heldige at dykk får sjå meg ansikt til ansikt i jula kan heller spørre då, eg skal svare med glede. Når det gjeld resten av dykk? Reis på din egen safari da vel.

Utsikta fra safaritelta på Wildlife Camp. Vi våkna til flodhestar, elefantar og andre rare dyr som laga rare lydar. Det er ganske spesielt å stå i dusjen klokka 05.30 og sjamponere håret medan elefantane traskar i skogen bak deg.

Sjå kor vi gleda oss til morgonsafari!

Inngangen til parken.

Det var bavianar OVERALT



Flodhestskalle

Eit sjeldant syn, ein flodhest ute av vatnet på dagtid. Den stod heilt stille, og lata som om vi ikkje hadde sett den.

Impala. Dei var også OVERALT.





Ho mor var ikkje så veldig glad for at vi kom så nærme (2m), så ho valgte å advare oss ved å spinge mot bilen og bråke. Eg låg i dørken med hendene over hovudet fortare enn du kan sei elefantpåavveie.





Hyene i grøftekanten

Solnedgang i parken

Ei anna elefantmamma, som heller ikkje likte oss så godt



Safariglad i dårlig fokus!

Det mest forvirrandre biletet vi har tatt på den turen her.

LEOPARD!! HERRGUD DET VAR KULT.



Så det var den safarituren. Det var awesomepossum!! Eg har 350 fleire bilete, og vi såg mange fleire dyr, men nok ein gong, dykk får høgdepunkta (ca). For eg er nemlig her:


Så. Snakkes da.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar