tirsdag 13. november 2012

Oh Toto, I don't think we're in Kansas anymore

Lat oss starte med nokon bilete, for avvekslinga si skyld.

Ei litta introduksjon til kjøkkenet vårt. Fint og flott. Og reint. (Vi skal ikkje klage, det er faktisk reint, og fungerande. Det ser berre ikkje slik ut).


Alle vannflaskene vi må fylle opp hvis vi skulle vere så crazybananas at vi vil vaske opp eller koke noke som helst om kvelden.



No har vi vore her i 8 (snart 9) veker. 8 fantastiske, forvirrande, slitsomme, spennande, morosamme og litt utrulege veker. Det ser så lite ut når eg skriv det her, men 8 veker er to månader. Er eg ikkje smart? På den tida har eg blant anna lest ut 7 bøker, auka tetris-rekorden min til 317 000 (430 000 sidan eg byrja å skrive det her), skreve altfor lite på studieoppgavene og lest altfor lite sjukdomslære. Eg har også blitt kjempelei av å vaske klede for hand, og føler stort sett at eg går rundt og er skitten. Fordi eg ikkje vaskar kleda mine skikkelig altså. Så no gir eg dei til hushjelpa. Og nei, det er ikkje eit luksusteikn at vi har hushjelp. Dei jobbar i alle etasjane, og er strengt naudsynte for at dette huset ikkje skal falle saman. Og ho er den søtaste dama i verda, og får kleda mine til å lukte sumarfriskt. Det er så KJEKT å kome heim til ei klessnor full av tørkande, reine klede!  Men guri så digg det skal bli å komme heim igjen til innlagt vatn. O, vaskemaskin, eg tilber deg. Skal lage eit pittelite alter når eg kjem heim.


Utsikta frå soveromsvindauget vårt, ein sjelden overskya dag.


Elles er vi stort sett på sjukehuset, så eg skulle ønske eg hadde noko meir spennande å fortelje dykk om, anna enn boklesing, avslapping og generell tetris-kjedsomheit. Men tausheitsplikt er min ven. Eg kan likevel fortelje ei lita anekdote frå når vi jobba på legevakta for nokon dagar sidan. Ein gjentakande tendens her nede er at folk ventar med å gå til legen. Lat meg illustrere.

Pasient 1 kom inn og klarte ikkje å gå sjølv. Ein venn bar han inn på undersøkelsesbenken der han var delvis bevisst og nesten ikkje klarte å prate.
Eg: Kor lenge har han vore sjuk slik som dette?
Venn: 4 månedar.
Eg: .......

Pasient 2 kom inn og forklarte at han hadde tiltakande smerter i magen og tissa blod, samt at han følte seg litt uvel.
Legen: Kor lenge har du vore plaga med dette?
Pasient: Å tisse blod?
Legen: Ja?
Pasient: 3 år.

Pasient 3 kom inn med store hevelsar på begge sider av haka, langs kjevebeina, og var øm i heile hovudområdet, halsen og øvre delar av ryggen.
Legen: Og kor lenge har du hatt denne hevelsen og smerten?
Pasient: Sidan mai.

Altså. Eg spurte legen om dette var normalt, og med mindre pasientane er ressurssterke og høgt utdanna er det vanlig å vente med å gå til legen til skaden eller sjukedommen ikkje lenger går ann å leve med. Dei fleste har verken tid eller råd til å vere sjuke eller sjukmeldt, og velger derfor å gå heime med mindre plager fordi dei reknar med at det går over. Eit anna problem er mangel på utdanning og generell bevisstgjering rundt helse og helseproblematikk, noko som gjer at potensielt livstruande sjukdommar, som kunne har vore forhindra, blir oppdaga for seint. Pasienten som tissar blod har for eksempel mest sannsynlig blærekreft med metastaser, som ikkje nødvendigvis er så lett å behandle. Det moralske sluttpoenget? Ikkje vent 3 år med å gå til legen hvis du tissar blod. 

Vi får av og til litt store uniformar når vi skal vere med på operasjonar.
Vi spurte, men vi veit framleis ikkje kva dirty cases er.

Ei litta operasjonssal.


Skal vi sjå, ellers nye ting å fortelje frå Afrika. Vi har funne eit svensk svømmebaseng, på den svenske skulen! Så vi går dit titt og ofte, litt for å bade, mest for å kunne dusje etterpå. Der er masse svenske familiar som har adoptert barn, og ventar på at papir og altmuligannasomharmedadopsjonågjere skal gå i orden, så da heng dei der i mellomtida. Vi har blitt kompis med 3 år gamle adopterte Muri, som var sikker på at eg var ein fisk. Da måtte pappa forklare at eg ikkje var ein fisk, men at eg berre er norsk. Muri er kul.
Her er framleis ikkje vatn forresten, og sjølv om det ein sjeldan gang skulle ver vatn på badet, så er det nesten aldri i dusjen. Når eg tenker meg om skal eg sette opp eit lite alter inne på badet sånn generelt, og bo der i to dagar i strekk. Sjølv om det går overraskande bra å bøttedusje. Eg har blitt ekspert og kan tilby eit lynkurs ved heimkomst, for spesielt interesserte.

Og så går vi turar til kjøpesentera, til resturantar og vi har vore på kino. TO GANGAR. 1) Savages – underhaldande, litt ekkel, folk som var fine å sjå på, og folk som var veldig ekle, 2) Premium Rush – underhaldande, ok, folk som var fine å sjå på. Vi hadde satt oss godt til rette for å sjå Premium Rush, ein film vi var klar over kunne bli litt voldeleg. Og inn på rada framfor oss kjem ein afrikansk familie med 4 barn, i alderen 4 – 8 år. Det er….upassande. Dei bestilte ting heile tida, blant anna is, som kinopersonalet kom inn med midt under filmen, og ungane byrja sjølvsagt å klage høglytt over kven som hadde fått den største isen. Om det skjedde noko spennande sa dei, nesten i kor, «ooooh, DID YOU SEE THAT?». Ja, din tosk, vi er på kino, alle såg det. Og dama bak oss gispa høglytt omtrent kvar gang nokon på lerrettet snudde hovudet sitt for fort, og var berre generelt bråkette. Eg mistenker at filmopplevinga vart littegranne redusert på grunn av overnevnte faktorar.

-----------------------------------------------



Dei notoriske blå bussane. Han her ropte "town, town, TOOWN!", men vi skulle ikkje til town no heller.

Han i grønt var fra ein konkurerande buss som også skulle til town, så da måtte han springe så han kom fram til dei potensielle kundane først. Køsystem? Det er berre å drite i.

Flettefrans.

Det er søppel overalt. Litt sånn som det her. Spesielt plastflasker.

Vi går ikkje berre til kjøpesentera, kvar einaste lille tur er som eit lite eventyr med oppdagingar av nye reklameplakatar og morsamme skilt. Kosar oss gjer vi.

Trafikkgambling. Vi har enda ikkje blitt påkjørt, sjølv om det har vore nære på.



Vi har døypt balkongen vår Mosongo Palace! Og det er ikkje rasistisk, det er berre slik det følast. Folk ropar det som nevnt etter oss nesten kvar dag, så det har blitt ein naturleg del av dei daglege rutinene. Og det her er så nære eit palass som nokon av oss kjem her nede, så Mosongo Palace it is. Det er svært trist når noken forlet palasset, og da står vi på verandaen og vinkar som hjernelause idiotar, eller følger etter dei og vinker som tullingar etter bilen. Vi bor ekstremt tett på kvarandre, og kjem ganske nære på veldig kort tid. Så det er trist når nokon reiser, det følast som om det manglar ein liten del ei lita stund. Så sjølv om eg gledar meg til den dagen vi sjølv reiser, så kjem eg til å sakne det her. Alt saman faktisk.


På balkongen, ein dag Pernille hadde laga grove rundstykker, og vi hadde leverpostei, agurk , makrell i tomat og babybell. Då vart eg omtrent sånn glad.
(Og eit bilete der eg ser litt meir normal ut så ho mor ikkje blir så skjemd. Legg forresten merke til fotballtrøya eg har på meg. Men slapp av, eg har på ingen måte blitt fotball-frelst. Berre Zambia-frelst.)


Dette biletet er rimelig beskrivande for korleis det følast å sette seg på ein buss i det landet her. Dykk har vel skjønt poenget no reknar eg med.

Vi har faktisk vore ute ein gang eller to også. Men som ansvarlege sjukepleierstudentar kjem ikkje det fram på denne ikkje-bloggen. Men her er eit illustrasjonsfoto, saman med våre tyske, østeriske, afrikanske og finske venar. Superinternasjonalt.

No er det to dagar igjen i praksis, og så reiser vi til Zanzibar! Men slapp av Elise, eg skal blogge rikeleg, så du kan få vere med på reisa. KOSOGKLEM.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar