onsdag 31. oktober 2012

Cape Mclear - det som kom etterpå

Fint sant? Rett og slett vakkert. Så vi gleda oss og diskuterte alt det morosamme og spennande vi skulle gjere dei kommande dagane. Og her skulle eg egentleg ha skreve om dykking, bading, soling, snorkling, hesteridning og berre generell glede og avslapping. I staden kan dykk, om dykk ønsker det, få ei detaljert beskriving av badet, toalettet og senga mi på Gecko Lounge. Eg var sikker på at eg hadde fått blindtarmbetennelse/colera/malaria og/eller pest. På eit tidspunkt var eg nemlig sikker på at eg skulle døy, melodramatisk som eg er. Det var sjølvsagt mindre dramatisk enn som så. Eg hadde fått mageinfeksjon, med alt det inneber av herligheiter, symptom og bieffektar. Så dei fire dagane som skulle vere så fantastiske, blei fem dagar med «fingkjdfngldkfjgidl!!», grining, telefonar heim og små turar ut i omverden for å skaffe vatn, cola eller ris. Eg kvikna litt til den siste dagen, rett og slett på trass. For det å ligge inne i varmen, å svette både på grunn av feber og dårleg ventilerte dormrooms, er ikkje hyggeleg. Det er verkeleg ikkje kjekt å vere sjuk når ein er så langt heimaifrå, på ein så øde plass som Cape Mclear. Der er folk og turistar, men ikkje sjukehus og knapt medisink personell. Men vi traff ein svært hyggeleg sjukepleiar som heldigvis kunne utstyre meg med kvalmestillande og rehydreringsvæske. Det byrja å sjå betre ut, og eg kom meg ut og fekk til og med tatt nokon bilete. Så her er dei, frå første og siste dag på Cape Mclear. 

Barna leika med laushundane og mødrene vaska klede og kasserolle, i vannkanten.






På strendene utafor hotellområdet var det som regel fullt med lokale som vaska klede, bada, fiska (i dei heimelagde båtane av tre som han eine karen sitt på), og la garna sine til tørk. Og alle kleda.


Den lokale puben hadde morosamme skilt!


Souvenir-shopping!


Borna hadde dane/musikk/synge-oppvisning


Solnedgang frå hengekøya



Hengekøymorro



Den dagen vi skulle reise veit eg ikkje om eg var uvel i magen på grunn av sjukdommen, eller fordi eg grua meg så voldsomt til turen tilbake, som eg forutsåg kom til å ta fire dagar. MEN. Vi kom oss til Lilongwe med ein taxi som hadde bensin, fungerande eksosanlegg OG alle fire dekka på plass. Og meir enn det kan ein vel ikkje krevje. Og det tok berre 3 og ein halv time! Men. I Lilongwe fann vi ut at bussen tilbake til Lusaka gjekk på tysdag. Det var søndag. Så, da blei det to netter til på Mufasa Lodge da. Misforstå meg rett, det er ein veldig fin plass. Problemet er berre at når ein er sjuk så er ingen plass anna enn heime i sofaen til ho mor bra nok. Men vi hadde ikkje noke anna val, med mindre vi ville gå. Så eg las litt, gjekk på apoteket, åt litt og traff andre kjekke backpacker-folk. Blant anna ein brite som fortalte ei særs underhaldande historie om korleis han braut hofta mens han sprang halvmaraton. I ein alder av 22. Eg skal fortelje i meir detalj når eg kjem heim. 

Så det var fint, og forma vart betre. Men den var ikkje bra. Det kan også ha vore det at eg, nok ein gang, grudde meg til bussturen tilbake til Zambia. Og det med rette. Så når vi sto opp klokka 4 for å rekke bussen som skulle gå klokka 6 (og den gjorde faktisk det!) var forventningane så lave at absolutt alt var ei positiv overrasking. Eg tok den anbfelate dagsmengda av idoform og kvalmestillande og forberedde meg mentalt på 18 timars helvette. Men til vår store overrasking, tok det berre 14. I 35 grade, i ein buss utan aircondition, med eit skrikande anlegg som spelte alt frå gospel, til Cher, til Vengaboys. Dei presterte faktisk å spele to heile McMusic-album. Det var som å vere tilbake på diskoteket på Vik. Mens ein er kvalm og har mageknip, med folk som sitt oppå deg, lener seg ut av ditt vindu (sjølv om dei sitt BAK deg), og ikkje har noko respekt for intimsone eller personleg eigedom. Men vi kom fram, nok ein gang, utan å døy. Så eg kjøpte ei bøtte Cola, tok ein dusj, fekk personleg oppvarting og medisinutdeling av legestudentane vi bor saman med, og sovna.

Eg lid no av posttraumatisk buss-stress, og blir kvalm og uvel berre av tanken på å ta buss nokonsomhelstplass. Så det kan bli spanande når eg kjem tilbake til Oslo.


Eit par kvalme, låke dagar etter vi kom heim fekk eg også tak i medisin for magesjuka, og kan no, to og ei halv veke etterpå, erklære meg sjølv heilt frisk. Ein har ikkje levd før ein er sjuk i Afrika. Det er ikkje ei oppleving eg anbefalar til noken, sånn igrunn. Det viste seg at alle vi budde saman med også hadde vore sjuke, så det var vel noko i vatnet, som dei seier. Og eg har aldri vore så glad for å komme heim til ein kjent, trygg plass som eg var den dagen.

Det er ingen plass som heime (eller-så-heime-som-det-blir-i-Afrika) <3

2 kommentarer:

  1. Huff, ikkje godt å bli magesjuk i den varmen, skikkelig skummelt kan det også vere særlig om enn ikkje får i seg nok veske. Heldigvis går det som regel bra.
    Det må vel vere ei tryggheit at dokke er sjukepleiarar og leger under utdanning, og kan trene på kvarandre :-))))
    Lykke til vidare, og hald deg frisk så mamma ikkje kjem nedover og hentar deg :-)))

    Kristin

    SvarSlett