lørdag 27. oktober 2012

Reisa til


Så kjem vi til kvifor bloggen var stille som grava i to veker. Vi reiste til Malawi, på «ferie». Det er den minst feriette ferien eg nokonsinne har vore på. Lat oss ta det från byrjan.

Det å ordne seg visum her nede er ikkje nevneverdig lett. Vi skal ha turistvisum men hadde fått business frå ambassaden i Stockholm, og å gjere det om er ikkje gjort i ei handvending. For å gjere ei lang historie kort, vi måtte ut av landet. Visumet gjekk ut 7.okt, vi fann ut at vi måtte reise ut 5.okt, og det blei sjølvsagt både spetakkel og stress. Men vi kom oss vertfall til Malawi. Men ikkje før vi hadde blitt fotfulgt av 5, for så vidt hyggelege, karar på busstasjonen som insisterte på å vise oss kvar alt av noko som helst betydning befann seg. Det her får dei provisjon for, ergo, biletten vår blei dyrare. Så takk skal du ha, mann-som-burde-ha-dusja-oftare.

(Ei lita sidehistorie. På KLM tek dei imot deg når du gjeng inn i flyet, ser på biletten din og seier: «28A? Straight down there!» Takk skal du ha, o vise flyvert, som om det e mulig å gå seg vill inne på eit fly. Heile flyet e jo straight down there! Ærlig talt)

Uansett! I forrgie innlegg skreiv eg om to relativt irriterande bussturar, og beskreiv det som ganske ille. Vel, så feil kan ein altså ta. Hadde eg berre visst kor bra eg hadde det med litt jesus-musikk og smattande naboar. Bussturen til Lilongwe (hovudstaden i Malawi) skal ta 10 timar. Den tok 18. Dette mykje på grunn av at bussen braut saman to gongar, begge gongane MIDT ute i øydemarka. Det heile hadde eit slags Byggmester Bob preg over seg, altså trua på at så lenge man TRUR man kan fikse det, så kan man det. Men det kan man tydlegvis ikkje, beviselig då bussen braut saman for andre gang. Då var det allereie blitt bekmørkt, noko som gjorde at vi hadde glimrande mogligheit til å sitte og sjå ut på himmelen. Der var ikkje gatelykter eller hus, og det er lenge sidan eg har sett noko så.. spektakulært. Det er innimellom vanskeleg å tru at det er same himmelen, same månen og same stjernene som vi har heime. Så der var noko fint midt oppi alt kaoset. Vi brukte i tillegg omtrent 2 timar på grensa, og ytterlegere ein og ein halv med å vente på at bussen skulle fylle seg opp. Den skulle gå 05.00, men gjekk 06.30. Då var den full nok. Og menneska trykker seg på, bøyer seg over deg, ropar og skrik og oppfører seg som galningar. Afrikansk busskultur altså. Då kjente eg at eg sakna Noreg med si ikkje-snakk-til-meg haldning, og ver-så-vennleg-å-sett-deg-så-langt-frå-meg-som-du-kan. Eg er ikkje vant til all denne intimiteten på buss!

Men så kom vi oss til Lilongwe til slutt, der vi budde på Mufasa Logde ei natt. Der traff vi Chicko, som tilbudte seg å køyre oss frå Lilongwe til Cape Mclear. Han var taxisjåfør altså, og ikkje berre så uvanleg snill. Han er ein liten rastafari-afrikaner med ein uvanleg smittande latter, og eit uvanleg godt humør. Så når vi sto opp dagen etter var vi så glade og positivt innstilit til turen som berre skulle ta 4 timar at vi var klar til å skru saman bilen først om vi så måtte. Men slapp av, vi blei fort nok skuffa. Ein av dei første tinga han sa når han satte seg inn var: «we must first fill petrol». Ok, ingen problem, 20 min ekstra. Null stress! Men det er litt stress når heile Malawi er tom for bensin. Greitt nok at eg kanskje overdriv litt her inne for komisk effekt, men det her er heiltheiltheilt sant. Der var ikkje igjen bensin nokonsomhelstplass. Så da vart det svartemarknaden da. Men det er dyrt skal vite, så vi tilbrakte heile turen med å kike nervøst på bensinmålaren og krysse alle lemmar og håpe at bilen ikkje skulle stoppe. Og eksosanlegget var øydelagt, så han kunne ikkje køyre fortare enn 70 km/t, då det fekk bilen til å lage triste lydar. Og då han skulle gå ut for å sjekke dette såkalla eksosanlegget etter nokon upassande triste lydar, nok ein gang midt ute i øydemarka, hadde sjølvsagt dekket punktert. Så da vart det ein og ein halv time i næraste landsby (som heldigvis var nære), der vi var meir som utstillingsobjekt. Eg er så glad for at eg ikkje er kjendis, eg blei nesten gal av all stirringa. Men ungane var ubeskrivelig søte, og supernysgjerrige. Dei spegla seg i bilvindauga og holdt på å flire seg i hel av sine eigne grimaser. Og det var mannfolka som skulle fikse dekket. Merk det, dekket. I eintall. Men dei var omtrent 25 stk. Samarbeid er viktig. Men vi kom oss derifrå tilslutt (etter ein og ein halv time), til Monkey Bay, der vi måtte tilbringe enda ei natt på ein annan Mufasa Logde. Chicko skulle bruke kvelden og morgonen på å prøve å fikse eksosanlegget, dekket OG prøve å skaffe bensin. Vi var ikkje positivt innstilt lenger. Vi hadde brukt 8 timar på ein tur som skulle ta 4, og vi var ikkje eingong framme.

SÅ. Dagen etterpå. Dag 2 (føltes som dag 15) på reisefot. Når Chicko dukka opp og sa at han hadde fiksa alt, både eksosen, dekket og bensinen blei eg så glad at eg trudde eg skulle tisse på meg. Inn i bilen igjen, 1 time på humpetitten-humpetatten-veien, og endeleg, ENDELEG. Cape Mclear!





Fortsettelse følger….

1 kommentar:

  1. Ha ha ah for ein tur du har hatt. Eg har reist ein del i Afrika sjøl, og kjenner meg igjen i det du skriv. Det var helst når eg var ung og sprek eg la ut på den type turar, no for tida liker eg helst at det litt mindre strabasiøst, og meir "lukseriøst"
    Du skriv bra Thea :-) Eg legg deg til i blogglista mi så eg får følge deg vidare på turen.

    Lykke til :-)

    Mvh Kristin Aurdal

    SvarSlett